Torsdagskringla med Endre Lunde
Markens grøde – framleis aktuell?
I 2023 skjedde det igjen – Noreg har verdas fremste forfattar. Jon Fosse, denne stillfarne, vare og nynorske forfattaren tok heim den gjevaste av alle litteraturprisar. Og kanskje var det på tide. Det er faktisk 95 år sidan sist! Tidleg på 1900-talet fekk Noreg heile tre Nobelprisar i litteratur; Bjørnstjerne Bjørnson i 1903, Knut Hamsun i 1920 og Sigrid Undset i 1928. Men Hamsun var den einaste som fekk den for eitt spesielt verk; Markens grøde (eit monumentalt verk).
-Eg møtte Hamsun for første gong på ungdomsskulen, og på ein eller annan måte har han følgt meg sidan. Anten gjennom arbeidet mitt i skulen, gjennom ulike biografiar og historiebøker og sjølvsagt gjennom skjønnlitteratur eg les sjølv. Markens grøde fortel historia om Isak Sellanrå og kona Inger, borna deira og ulike figurar som dukkar opp omkring dei. Isak dukkar opp frå ingenting og lagar sitt paradis i øydemarka. Men ikkje utan kamp og motgang.
-Eg meinar at dette er ei bok som kan lesast igjen og igjen – og du vil forstå den på ulikt vis kvar gong. Men har den noko å seie til oss i dag, i 2023, dette året der Noreg igjen tronar på toppen av verdslitteraturen? Hamsun sa sjølv at denne boka var “et varsku til samtiden”, og denne åtvaringa han kjem med er kanskje noko vi bør ta inn over oss i dag…
Endre Lunde er lektor i norsk på Stryn vidaregåande skule. Han besøkte oss i fjor med eit foredrag om Fridtjof Nansen og Peter Zapffe. Dette foredraget fekk vi høyre mykje lovord om etterpå, og det var eit sterkt ønskje om å få han tilbake på biblioteket for eit nytt foredrag. Vi er difor veldig glade for at han no vil besøke oss igjen på Torsdagskringla.