
Torsdagskringla om Fjordfylket som ikkje elska Brussel
På Torsdagskringla i mars får vi besøk av historikar og forfattar Gaute Losnegård som i 2024 skreiv boka “Fjordfylket elska ikkje Brussel. Soga om Sogn og Fjordane Nei til EU og slaga i 1972 og 1974”.
Spørsmålet om tilknyting til EF og seinare EU har skapt den hardaste politiske striden i Noreg etter andre verdskrigen. Folket sa nei til medlemskap i folkerøysting to gonger, i 1972 og 1994. Nei-sida stod sterkt i Sogn og Fjordane, men resultatet kom ikkje av seg sjølv. Historikar og forfattar Gaute Losnegård har skrive ei bok som tar for seg EF- og EU-kampen i fylket frå byrjinga av 1960-talet og fram til 2024, med vekt på tida før dei to folkerøystingane. Utviklinga i Sogn og Fjordane blir sett i samanheng med hendingane på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.
Vi ser fram til dette foredraget av historikar Gaute Losnegård som her i kommunen nok er mest kjend for å skrive det nye store verket Strynesoga i fem bind, men som har eit rikt forfattarskap der han har gjeve ut mange historiske bøker.