Torsdagskringla – Vårherres krigere. Vladimir Putin og Donald Trump
Torsdag 5. oktober kjem Helge Simonnes til Stryn bibliotek med foredraget “Vårherres krigere. Vladimir Putin og Donald Trump”. Foredraget er basert på bøkene som Simonnes har skrive Trump, Gud og kirken (2021) og Putins hellige krig (2023).
Stadig fleire politikarar gjer seg nytte av religiøs retorikk når dei skal skaffe seg veljarar. Det gjeld ikkje berre Putin og Trump, men også fleire andre europeiske leiarar. I muslimske land har dette vore vanleg lenge, og Recip Erdogan i Tyrkia har teke dette til nye høgder, seier Helge Simonnes.
NRKs tidlegare USA-korrespondent Bjørn Hansen gjev følgjande vurdering av tilsvarende foredrag: «Det er sjelden jeg går til et foredrag om samfunnsspørsmål som ligger litt i utkanten av mitt tradisjonelle interesseområde, som er internasjonal politikk og økonomi. Men Helge Simonnes’ foredrag på Nesodden ga meg en ny og spennende innsikt i forholdet og skjæringspunktet mellom religion og politikk. Det var en glimrende gjennomgang, rikt på innhold og fint avdempet i form.»
Helge Simonnes er tidlegare sjefredaktør i avisa Vårt Land frå 1991 til 2016, og er oppvaksen på Eidså i Vanylven. Han er ein mykje nytta foredragshaldar i skjeringspunktet religion og politikk. Putins hellige krig er nettopp innkjøpe av Kulturrådet.
Vi ser fram til å få den ettertrakta foredragshaldaren Helge Simonnes på besøk til Stryn bibliotek i oktober!