Torsdagskringla: Valdebatt i biblioteket
Eitt av dei viktige samfunnsoppdraga til biblioteket er å vere ein uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt. I år er det val igjen, og Stryn bibliotek har difor invitert dei politiske partia i Stryn til debatt på biblioteket, torsdag 4. september kl. 19.00.
Tema for debatten: Kultur, oppvekst, barn og unge
Vi ønskjer å løfte fram tema som er avgjerande for framtida i Noreg – og som engasjerer mange veljarar. Debatten vil handle om:
- Korleis vil partia nasjonalt sikre gode og trygge oppvekstvilkår for barn og unge?
- Kva rolle skal skule, fritidstilbod og kultur spele i utviklinga av eit inkluderande samfunn?
- Korleis vil partia satse på psykisk helse, førebygging og deltaking blant unge?
Vi ønskjer at representantane også svarer for partiet sin nasjonale politikk på desse områda, og korleis den vil påverke både kommunar og lokalsamfunn.
Debatten er open for alle, og vi ønskjer spesielt å engasjere foreldre, ungdom, fagpersonar og frivillige som jobbar med barn og unge. Målet er å gi veljarane eit godt grunnlag for å ta informerte val.
Vi vil ha ein ordstyrar på debatten, og vi er i gong med å engasjere barn og unge i Stryn til å bidra inn med spørsmål.
- Kvar partigruppe får høve til å stille med éin representant.
- Det blir høve for publikum å stille spørsmål.
Sidan dette er eit arrangement på den etter kvart godt kjende Torsdagskringla vår, så blir det sjølvsagt kringle og kaffe etter debatten.
