
Utvandrar og migrasjonshistorie – lokalhistorisk webinar
Vestland fylkeskommune arrangerer lokalhistorisk webinar, og vi vil vise dette på lerret i biblioteklokalet slik at fleire kan få dette med seg saman.
I år er det 200 år sidan den første organiserte utvandringa frå Norge til Amerika, derfor er tema på årets webinar nettopp utvandrar- og migrasjonshistorie – med hovudtyngd på den norske utvandringa til USA.
Det er mogeleg å følgje litt av webinaret eller heile webinaret. Programmet blir som følgjer:
Program
Tid | Kva |
10.00 | Velkomen, ved Arnt Ola Fidjestøl, Vestland fylkeskommune |
10.05 | Forhistoria i bevegelse. Migrasjon frå eit steinalderperspektiv, ved Daniela Hoffmann, professor ved Universitetet i Bergen |
10.30 | Utvandringshistoria frå Voss, ved Eirik Helleve, avdelingsleiar ved Voss folkemuseum |
10.55 | Beinstrekk |
11.05 | «Amerikanske» stadnamn i Noreg, ved Gunnstein Akselberg, professor emeritus ved Universitetet i Bergen |
11.30 | Migrasjonsminne og møtet med Noreg, ved Babek Hosami og Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie |
11.55 | Lønsj |
12.20 | Nordmenn i USA og dei som var der før dei. Om det norske møtet med urbefolkninga, Dr. Anna Peterson ved Luther College & Norwegian-American Historical Association. Innlegget er på engelsk, men er spelt inn på førehand og teksta til norsk. |
12.45 | Kva skjer vidare i jubileumsåret?, ved Vestland fylkeskommune |
Etterpå | Takk for i dag |