Nettbiblioteket
Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek inneheld digitaliserte bøker, aviser, bilete, tidsskrift, radiosendingar, kart, brev/manuskript, musikk, film mm.
Det digitaliserte innhaldet er delt i tre nivå:
- Tilgang for alle: Mykje av innhaldet er fritt tilgjengeleg, og du kan lese frå eigen mobil/nettbrett eller pc.
- Tilgang i norske bibliotek: Deler av innhaldet er berre tilgjengeleg i norske bibliotek. Spør personalet om hjelp til å logge inn. Du får då utdelt eit brukarnamn og passord.
- Tilgjengeleg etter bestemte vilkår: Noko innhald må du søkje om tilgang til, men slektsforsking er til dømes gyldig grunn til tilgang. Les korleis du søkjer om tilgang i nettbiblioteket her.
Les gamle utgåver av Fjordingen digitalt
Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek er ei gullgruve for alle som er samfunnsinteresserte. Nasjonalbiblioteket si avissamling er så godt som komplett frå 1763 og fram til i dag, og Nasjonalbiblioteket er i gong med å digitalisere heile avissamlinga. Tenesta inneheld både landsdekkande aviser og lokalaviser. Du kan velje å søkje i ei enkelt avis eller alle avisene samtidig. Visste du at Fjordingen ligg digitalisert på nettbiblioteket, og at den er fritt tilgjengeleg for alle? Her kan du sjå dei digitaliserte utgåvene av Fjordingen.
