Slik låner du

Alle har rett til å låne bøker og anna materiale gratis frå biblioteket. Om du ønskjer å låne frå biblioteket vårt må du ha eit gyldig lånekort (bibliotekkortet). Lånekort er gratis, men tapte kort må erstattast. Ta alltid med lånekortet når du skal på biblioteket.

Bli lånar

  • Møt opp på biblioteket for å registrere deg som lånar. Hugs å ta med gyldig legitimasjon.
  • Ved å fylle ut dette skjemaet kan du registrere deg som lokal lånar og hente eit fysisk lånekort på biblioteket.
  • Eller du kan registrere deg som nasjonal lånar her og få eit digitalt lånekort. Då må du komme innom biblioteket for å bli knytt til Stryn bibliotek.

Kva vil det seie å vere lånar ved Stryn bibliotek?

  • For å få full tilgang til alle tenestene våre, må du ha Stryn folkebibliotek som «heimebibliotek».
  • Det er gratis å bli lånar.
  • Barn under 15 år må ha foreldresamtykke for å få lånekort.
  • Vi brukar Bibliotekkortet (nasjonalt lånekort) som du også kan nytte i andre bibliotek du besøker i Noreg.
  • Alle lånarar må registrerast med personopplysningar. Les korleis vi handterer personopplysningar.
  • På «Mine sider» kan du administrere eigne lån.

Lån

Lån i skranken eller lån sjølv på utlånsautomaten i biblioteket.

Mine sider

Logg inn på «Mine sider» for å få oversikt over eigne lån og bestillingar. Her kan du:

  • forlenge lånetida
  • ved å vere innlogga kan du sjølv reservere bøker som er utlånt (setje deg på venteliste)

Lånereglar

  1. Alle som bur i landet har rett til å låne bøker og anna materiale gratis frå Stryn bibliotek.
  2. Som lånar blir du registrert og får lånekort. Lånar må melde frå ved adresseendring.
  3. Barn under 15 år må ha underskrift frå føresette for å få lånekort.
  4. Ynskjer du å låne noko som er utlånt, kan vi setje deg opp på venteliste.
  5. Bøker, filmar mm. som vi ikkje har i eiga samling, kan i dei fleste tilfelle lånast inn frå andre bibliotek. Då gjeld eigarbiblioteket sine reglar.
  6. Utlånt materiale som ikkje er levert tilbake vert purra etter forfall. Lånar må betale gebyr for purringa. Barn under 16 år betalar ikkje for purring.
  7. Lånar er ansvarleg for alt lånt materiale. Øydelagd eller bortkome materiale må erstattast.
  8. Dersom lånar ikkje held dei fastsette utlånsreglane, kan lånar miste retten til å låne for ei tid.

Lånetid:

Bøker, lydbøker og digikort: 4 veker

Tidsskrift, musikk, tv-seriar  og dataspel: 2 veker

Film: 1 veke

Du kan forlenge lånetida dersom det ikkje er venteliste. Ring, send e-post, kom til biblioteket eller logg deg inn på katalogen vår på nett.

Gebyr:

  1. varsel: kr 20,-
  2. varsel: kr 30,-
  3. varsel: erstatningskrav

Purringane blir lagt saman og må betalast sjølv om materialet blir levert seinare. Purregebyr kan betalast kontant på biblioteket eller ved vipps.

Erstatningssatsar:

Bøker for vaksne: 350 kr

Bøker for barn: 200 kr

Lydbøker, digikort: 350 kr

Dataspel, film og musikk: 200 kr

Fjernlån: Eigarbiblioteket sin erstatningssats.

I tillegg kjem gebyr kr 50,- ved erstatningskrav.

Bibliotekpersonalet vurderer andre satsar ved særskilde høve.

Felles tenesteerklæring for fjernlån i Vestland

Mykje av materialet som ikkje er å finne i biblioteket si samling, kan lånast inn frå andre bibliotek. Biblioteka i Vestland har laga ei felles tenesteerklæring for fjernlån, etter at det vart nasjonale innstrammingar på dette for ei tid tilbake.

Kva er fjernlån?

  • Fjernlån er lån mellom bibliotek. Dersom du ikkje finn det du leitar etter på biblioteket, kan det bestillast frå andre bibliotek.
  • Fjernlån er gratis for lånaren.
  • Du kan bestille fjernlån sjølv på bibsok.no, eller du kan be biblioteket om å bestille for deg.

Kven kan få fjernlån?

Kva kan du bestille?

  • Nesten alt som finst i norske bibliotek kan lånast inn, med unntak av nokre digitale ressursar som berre er tilgjengelege for studentar via universitet og høgskular.
  • Nye, populære bøker og bøker som finst i biblioteket si eiga samling kan du  vanlegvis ikkje låne inn frå andre bibliotek. Du vil bli sett på venteliste i ditt eige bibliotek.
  • Biblioteket kan bestille inn fleire eksemplar av same tittel til lesesirklar. Ver ute i god tid, og ikkje sikt på nye, populære bøker.

Pensumlitteratur

Universitet og høgskular forventar at studentane kjøper inn sentralt pensum sjølve, og du kan ikkje vente at biblioteket låner inn materiale frå pensumlister til deg.

Av og til treng du berre eit kapittel eller to, eller du treng støttelitteratur som supplement eller fordjuping. Til slike føremål har nokre studiestader eksemplar til utlån. Dette kan du låne inn via bibsok.no, og velje ditt lokale folkebibliotek som hentestad. Ver merksam på at du vert ståande på den same ventelista som dei studentane som reserverer materialet i campusbiblioteka sine samlingar.

Vi oppmodar deg om å gjere deg kjent med om noko av materialet er tilgjengeleg digitalt gjennom open access eller gjennom studentpålogging, slik at vi ikkje sender materiale fysisk dersom det ikkje er naudsynt. Det er raskare for deg, og betre bruk av ressursane for biblioteka.

Elevar, lærarar og privatistar ved vidaregåande skular kan kontakte skulen sitt bibliotek om pensumlitteratur eller bestille sjølv dersom materialet er tilgjengeleg for fjernlån i bibsok.no.

Kor lenge kan du halde på fjernlånt materiale?

Eigarbiblioteket bestemmer lånetid og andre vilkår for fjernlånt materiale.