Blå og grøn bokforside med ein bil på

Alt det blå på himmelen

Forfattar:
Mélissa Da Costa
Omsetjar:
Amanda Aaserød
Lån boka

Kva er eigentleg meininga med livet?

26 år gamle Èmile blir diagnostisert med ein sjeldan dødeleg sjukdom. Familien prøvar å presse han til å ta del i eit forskingsprogram, men Èmile har andre planar. Han sel alt han har, kjøpar seg ein bubil og legger ut ei annonse: «Ung mann med tidlig Alzheimer ønsker å legge ut på en siste reise og søker reisefelle. Alpene, Hautes-Alpes, Pyreneene? Reisens lengde: maks 2 år (legenes prognose).»

Han får eit einaste svar, og den svært merkelege unge kvinna Joanne blir med på reisa.

«Alt det blå på himmelen» er like vanskeleg å summere opp som sjølve livet. Det er både ein oppvekstroman, ei kjærleikshistorie, ei sjølvhjelpsbok, reisebok, og ei bok om å verkeleg leve medan ein kan.

Omtalen er skriven av Wibeke – Stryn bibliotek