Fars rygg
- Forfattar:
- Niels Fredrik Dahl
«Fars rygg» er ei sterk, sår og kjenslevar bok – men inneheld også element av humor og optimisme.
Ut frå eit utval minner, bilete og brev og gjennom sonen si forteljarstemme får vi innblikk i eit menneske sin oppvekst og liv frå smågut til vaksen mann.
Romanen fortel historia om ein familie med ein dominant og distansert far, ei kjærleg – men einsam mor som etter kvart vert manisk sjukeleg og ein son som stadig er på leit etter tilhøyrsle.
Vi møter ein gut, som etter sine første leveår med familien i Egypt der far har stilling som dommarfullmektig, blir send vekk frå foreldra for å bu hos framande og gå på skule i Norge. Desse åra er prega av einsemd, utanforskap og hovudpersonen i boka strevar med å bli ein del av kameratflokken. Seinare vert han send på kostskule i Geneve – men også der skin det gjennom at han ikkje evnar å forstå sosiale kodar og tolke mellommenneskelege relasjonar.
Ein gjentakande tematikk i forteljinga er behovet for å passe inn og søken etter å forstå verda og eigen identitet. Vi blir kjend med ein person som i så stor grad er styrt av behovet for å bli sett – spesielt av sin eigen far – at han langt på veg, i kampen for å bli bekrefta, utslettar seg sjølv som individ.
Boka, som fekk Nordisk råds litteraturpris i 2024, er tankevekkjande, inviterer lesaren til refleksjon på fleire nivå og er særs velskriven. Anbefalast på det sterkaste.
Omtalen er skrive av Sigrid ved Stryn bibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok