Framside bok i grønt og blått med gut som brenn bål med møblar

Ivar får ansvar

Ivar får beskjed av foreldra om at han no må slutte å drive dank, få seg sommarjobb og tjene eigne pengar. Plutseleg så er det Ivar som må betale foreldra lommepengar! Det er mykje morosamt i denne boka. Kolerud er god på å skrive morosame bøker! Men det er også eit alvor i boka, og ei skildring av korleis det er å vere gut når jentene på same alder byrjar å vekse frå ein. Det er ikkje mange bøker som tek for seg dette temaet, og i alle fall ikkje på ein så god måte som Kolerud gjer her. I tillegg til dette er boka godt tilrettelagt for alle med korte kapittel, korte setningar og mykje dialog. Dette er ei bok som vil felle i smak for mange. Fin å lese høgt for foreldre og i klassar, og fin å lese for barna sjølv. Absolutt anbefalt!

Skrive av Kristin på Stryn bibliotek

Kategorier: 
Boktips til barn,
Boktips til ungdom,
E-bok