Jeg vil ikke være her
- Forfattar:
- Dorte Walstad
Mor og far er skilde. Far har fått seg ny kjærast, og ny heim. No skal storesyster og lillesyster besøke far for første gang i ny heim, og alt er nytt og ukjend.
Denne teikneserien utforskar korleis det opplevast å vere barn midt i brotet mellom foreldra, sett frå barnet sitt perspektiv.
«Vi har to hjem nå», sier pappa. «Men jeg vil ikke være her», sier storesøster.
Ei bok om å gå seg vill, og finne vegen heim. Både billedleg og bokstaveleg.
Boka passar godt frå ni år og oppover.
Bokomtala er skriven av Cora ved Stryn bibliotek
- Kategorier:
- Boktips til barn
