Bokomslag Robuste barn : fra ofre til sosiale superhelter

Robuste barn fra ofre til sosiale superhelter

Psykologspesialist Line Marie Warholm har komme med si tredje bok, og også no handlar det om å skape robuste barn.

Warholm er opptatt av det kollektive og at vi må lære barna våre å bidra. Ho peikar også på det ansvaret vi har som vaksne med å inkludere, og at vi ikkje må vere så opptatt av å rydde all motstand av vegen for barna våre.

Warholm har gått litt motstraums i det som har vore mantraet dei siste åra om at ein skal møte barna på kjenslene deira. Ho seier ikkje at dette er dumt, men ho meinar at det har bidrege til å skape ein generasjon med usikre og unnvikande foreldre som har trudd at oppgåva deira var å beskytte barna mot motgang og ubehag. I boka prøver ho å gje oppskrifta på korleis ein kan finne balansen slik at barna blir robuste nok til å tole livet. Dette synest eg ho har fått til på ein framifrå måte og kan varmt anbefale boka til foreldre og alle som jobbar med barn i det daglege.

Boktipset er skrive av Kristin på Stryn bibliotek.

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok