Tidsparadokser
- Forfattar:
- Helge Thorbjørnsen, Micael Dahlén
Dette er ei bok som verkeleg får deg til å tenkje og gruble. I tillegg byr den på mange artige fakta og ny kunnskap. Den er underfundig, humoristisk og lettlesen. Mykje i boka er forsking fortalt på ein forståeleg måte. Visste du til dømes at tida til ein ål går fire gongar raskare enn vår? At eit døgn stadig blir lengre, men vi søv stadig mindre til trass for at vi har fått betre tid? Boka er dessutan ganske kort, for kven har vel tid til å lese ei lang bok?
Uansett, den er verdt tida det tar – for her er det mykje å tenke over!
Omtalen er skriven av Wibeke, Stryn bibliotek.