Aktuelt
Bokstart – eit tilbod for dei aller yngste
Biblioteket og helsestasjonen i Stryn kommune går saman om Bokstart – eit tiltak for å fremje lesing og språkstimulering hos dei aller yngste.
Les meirLes med barnet – ei god stund saman
Å lese saman med barnet ditt er både hyggeleg og viktig for utviklinga deira. På Stryn bibliotek ønsker vi å gjere det lettare for deg å komme i gang – eller halde fram – med lesinga.
Les meirKva skjer
Digitalt foredrag med Siri Dalsmo Berge: Sex, samliv og helse for seniorar
Stryn bibliotek
Boktips
Meirope bibliotek
Ved å inngå avtale med Stryn bibliotek kan du få tilgang til biblioteket sine lokale frå kl. 7.00 til kl. 23.00 på alle vekedagar.
Du må vere minst 15 år og ha meirope-kontrakt med biblioteket, eller nytte tilbodet saman med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for dei borna han eller ho tek med seg, og borna skal ikkje vere åleine i biblioteket
Stryn vidaregåande skule
Stryn bibliotek er skulebibliotek for Stryn vidaregåande skule og er samlokalisert i 1. etasje aust på Stryn vidaregåande skule. Hos oss kan du låne skulebøkene som du treng på Stryn vidaregåande skule. Du får lånekort hos oss når du byrjar på skulen, viss du ikkje allereie har fått det tidlegare. Dersom du ønskjer det så kan vi endre det til eit nasjonalt lånekort slik at du kan bruke det på alle bibliotek i landet. Dette kan vere praktisk, spesielt viss du har tenkt å gå vidare på skule seinare. I tillegg gjev det nasjonale lånekortet deg tilgang til fleire digitale tenester som du kan nytte på fritida og i skulearbeidet.
Velkomen til skulebiblioteket!