På biblioteket låner vi kvar dag inn bøker frå andre bibliotek i landet, og nokre sjeldne gongar frå bibliotek i utlandet. Dette kallar vi for fjernlån. Dette er blitt ei populær ordning hos oss, og for andre bibliotek i landet. Den er faktisk så populær at det no er komme nye retningslinjer for fjernlån. Dette er både av kostnadsmessige omsyn og av miljøomsyn. Dette vil innebere at vi på biblioteket i større grad må vurdere innkjøp av materiale sjølv, og digitale versjonar, i staden for å låne inn så mykje frå andre bibliotek. For dei som nyttar tenesta bibsok.no for å bestille inn bøker som er utlånt hos oss, vil dei oppleve at dei ikkje lenger får lov til dette. Dei blir heller sett på venteliste hos oss. Bøker som vi ikkje har er framleis mogeleg å bestille inn på bibsok.
Pensumlitteratur
På biblioteket låner vi inn mykje pensumlitteratur til studentar som studerer på høgskular og universitet. Det vil framleis vere mogeleg å låne pensumlitteratur, men i utgangspunktet forventar universitet-og høgskulebiblioteka at studentane skal kjøpe pensum sjølv. Dette betyr at studentane ikkje skal låne heile pensumlister om gangen. Fjernlånsordninga er meint for faglitteratur som studentar treng til oppgåveskriving eller fordjuping, utover pensumlista.
Ønskjer du å vite meir om dei nye retningslinjene kan du følgje denne lenka.
Lenger tid før bestilte bøker kjem til biblioteket
Vi har no i fleire år nytta oss av ei eiga transportteneste for frakting av bøker mellom biblioteka. Denne transporttenesta har vore nytta av dei fleste biblioteka i landet. Dette har vore veldig praktisk, og spart oss for mykje tid, i forhold til at vi ikkje har måtte sende pakkar i posten. Vi er framleis med på denne ordninga. Det har likevel skjedd ei endring frå tidlegare år. I 2024 har vi vore nøydde til å gå ned frå to besøk til eitt besøk i veka. Dette er på grunn av at kostnadane har gått veldig opp, og vi ikkje lenger hadde mogelegheit til å vere med på den store prisveksten. Det er ikkje berre vi som har vore nøydde til å kutte ned på tal på besøk. Dette gjeld også fleire andre bibliotek. Ulempa med at vi må gå ned på tal på besøk er at det vil ta lenger tid før ei bok som vi har bestilt frå andre bibliotek, eller kjøpt inn, vil komme til biblioteket. Vi håpar det ikkje vil ta mykje lenger tid, men det vil variere litt frå bestilling til bestilling, og kor vi låner boka ifrå. Dette er det greit å vere merksam på slik at ein er tidleg ute med å bestille bøker som ein treng.