E-post i staden for SMS

Biblioteket går over til å kommunisere pr e-post i staden for SMS. Dersom du ikkje har registrert e-postadresse hos biblioteket, vil du framleis få SMS. Dersom du veit at du ikkje har registrert e-post hos oss er det veldig fint om du vil gjere det. Vi kjem til å be om e-post framover på dei som vi ikkje har registrert det på frå før.

Hentemeldingar, påminningar og purringar kjem altså heretter på e-post som standard.