Nytt biblioteksystem

Stryn bibliotek har no bytta biblioteksystem frå Mikromarc til Cicero. Stort sett vil de som er lånarar ikkje merke så mykje til endringane. Det er helst vi som no har fått til dels store endringar i forhold til det programmet vi brukte tidlegare. For dykk som er lånarar vil de helst sjå endringane i katalogen vår som ligg ute på nett. Det er den de bruker når de vil søkje opp og sjå om vi har t.d. bøker som de vil låne, og om de ønskjer å reservere desse bøkene. De kan også logge dykk inn og sjå lån som de har og fornye desse. Katalogen vår finn de her.

Mange har nok merka at dei har fått ein del meldingar frå oss siste døgnet. Det kan vere purringar på gamle bøker (både ein og to purringar), varsel om bøker som snart må leverast, hentemeldingar for bøker som er reservert og no komme til biblioteket osv. Alle desse meldingane vil no bli sendt ut automatisk. Vi har førebels ikkje sett noko purregebyr på purringane fordi vi er usikre på korleis dette vil slå ut for lånarane. Etterkvart som vi blir meir kjende med systemet vil vi sette purregebyr.

Vi har gått over til e-post som standard for meldingane vi sender ut. Dette kjem mest av at det kostar oss ein del å sende ut meldingar på SMS, og vi vil helst bruke pengane på å kjøpe inn nye bøker. I tillegg har e-post den fordelen at du vil få opp meir informasjon, t.d. tittel på alle bøkene du har lånt. På SMS er det avgrensa plass, så då vil du kanskje berre få opp tal på kor mange bøker du har lånt med oss. Dersom vi ikkje har registrert e-postadressa di vil meldinga komme ut på SMS (dette er vi ikkje heilt klare med endå, så dei vi manglar e-postadresse på vil ikkje få meldingar med oss endå). Vi kjem til å spørje dykk om e-postadressene framover, så vi håpar vi kan få inn flest mogeleg rette e-postadresser. Logg dykk gjerne innpå “mine sider” og legg til/endre e-postadressa di der. Om du ikkje får e-post med oss sjølv om du veit at vi har e-postadressa di, så sjekk gjerne i søppel e-posten din. Vi veit at hos nokon kjem e-posten der.

Vi har tru på at dette vil bli eit godt system for oss, men vi er førebudde på at det vil medføre litt innkøyringsproblem no i starten. Vi ber om tolmod med at ikkje alt fungerer heilt som før, og at vi no i starten kan gjere nokre feil eller bruke lenger tid enn vanleg på ein del operasjonar. Ta berre kontakt om det er noko som de reagerer på eller ønskjer svar på, så skal vi gjere vårt beste for å hjelpe.