På Stryn bibliotek har vi sidan i haust jobba med eit prosjekt som er kalla «Berenettbiblioteket». Kort fortalt går det ut på at vi har hatt ute 25 berenett med bøker i Stryn bedriftsbarnehage og 25 berenett med bøker i Olden barnehage. Desse har foreldra kunne låne med seg heim og levere på same stad. Det er ein enkel måte å få bøker til heimen som eignar seg til høgtlesing, både for dei som har mange bøker heime frå før, og for dei som i ein hektisk kvardag ikkje alltid kjem seg på biblioteket. Berenetta er i barnehagen i omtrent tre månadar i gongen før vi skiftar ut bøkene.
Berenettbiblioteket er eit samarbeid mellom bibliotek og barnehage. Biblioteket står for ferdig pakka berenett og barnehagen sørgjer for å formidle tilbodet til barn og vaksne, og for at berenetta har ein lett tilgjengeleg og synleg plass i barnehagen.
Eit grep for å snu trenden
Undersøkingar viser at høgtlesing mistar status i heimane og at foreldre les mindre for barna sine enn før. Ei undersøking av forskarane ved lesesenteret i Stavanger, Trude Hoel og Elisabeth Brekke Stangeland, viser at tidsklemma er ein grunn til at færre les for barna sine. Berenettbiblioteket er med på å gjere terskelen for høgtlesing i heimane så låg som mogeleg. Berenettbiblioteket er ein del av biblioteket sitt arbeid med leselyst for dei minste. Eit arbeid som vi håpar å få med flest mogeleg av dei andre einingane i kommunen på.

