Biblioteket og helsestasjonen i Stryn kommune går saman om Bokstart – eit tiltak for å fremje lesing og språkstimulering hos dei aller yngste.
Gjennom Bokstart får alle familiar med små barn ei bokgåve frå biblioteket, delt ut via helsestasjonen. Målet er å inspirere foreldre til å lese høgt for barna sine heilt frå starten av – noko som har stor betydning for både språkutvikling, relasjonsbygging og leseglede.
– Vi veit at tidleg innsats er viktig, og at høgtlesing er ein av dei beste måtane å støtte barns utvikling på, seier Hilde Nordli Løvik, leiande helsesjukepleiar ved helsestasjonen. – Når vi deler ut bokgåva på helsestasjonen, får vi ein naturleg inngang til å snakke med foreldra om kor viktig det er å lese saman med barnet, ikkje berre for utviklinga til barnet, men også for samspelet mellom barnet og forelderen.
Biblioteket står for innkjøp av bokgåva, og inviterer samtidig familiar til å bli kjent med biblioteket som ein møteplass og ressurs for småbarnsfamiliar.
– Vi ønskjer å senke terskelen for å bruke biblioteket, og vise at det er ein stad for både leik, læring og fellesskap, seier Kristin Hatledal, biblioteksjef. – Bokstart er ein fin måte å knyte kontakt med nye foreldre på, og å vise fram alt vi har å tilby.
Samarbeidet mellom helsestasjonen og biblioteket er eit godt døme på korleis ulike tenester kan jobbe saman for å støtte barn og familiar i kommunen. Bokstart er eit tiltak som foreningen les står bak og som Stryn kommune no er ein del av.
