Forbodne bøker på Stryn bibliotek

Kva har Brødrene Løvehjerte, Kristin Lavransdatter og Gender Queer til felles? Alle har på ulike tidspunkt vore utsette for sensur eller forbod.

Frå 5. til 11. oktober markerer Stryn bibliotek Forbodne bøker-veka med ei utstilling av bøker som har vore forbodne eller sensurerte ulike stader i verda. Her kan du utforske både barne- og vaksenbøker, og lære meir om historiene bak forsøka på å avgrense tilgangen til litteratur.

Forbodne bøker-veka set søkjelys på ytringsfridom, demokrati og retten til å lese det ein vil. Sjølv om sensur ofte blir forbunde med autoritære regime, ser vi i dag også fleire forsøk på å avgrense tilgangen til bøker i demokratiske land.

I utstillinga finn du ei rekke kjende titlar, alle med sine eigne historier om sensur, motstand og ytringsfridom. Og sjølv om dei er merkte som «forbodne bøker», kan dei sjølvsagt lånast med heim frå biblioteket.

Velkomen innom for å oppdage bøker som nokon ein gong meinte du ikkje burde lese.