Vi gler oss stort til å få besøk av Anders Totland, onsdag 14. januar. Han skal møte alle fjerdeklassingane i kommunen til prat om bøkene «Gunnars rekordbok» og «Mamma på dass». Til slutt skal han til Olden skule der han skal ha opplegg for 10. klasse også. Der skal elevane sjølv bokbade forfattaren omkring boka «Engel i snøen». Dei har jobba med boka og laga spørsmål som dei skal spørje Totland. Opplegget er i regi av biblioteket med midlar frå den lokale kulturelle skulesekken.



