Sommarles – bli med på leseglede i sommar

Sommarles er den nasjonale lesekampanjen for barn, og vi inviterer alle skuleelevar til å bli med på ein kjekk og motiverande leseaktivitet gjennom heile sommaren.

I år kjem det ei viktig endring i Sommarles:
I staden for å registrere kor mange sider ein har lese, skal ein no registrere kor mange minutt ein har lese.

Endringa er gjort for å gjere Sommarles meir rettferdig og inkluderande for alle. Nokre bøker har mange sider med lite tekst, medan andre har mykje tekst på kvar side. Ved å registrere tid blir innsatsen meir samanliknbar. Barn les i ulikt tempo, og nokre treng meir tid på same mengde tekst. Når ein registrerer tid, tel innsatsen likt for alle. Vi håpar også at dette kan gjere at ein brukar tid på gode leseopplevingar i staden for å registerere mest mogeleg sider med bøker som eigentleg ligg under nivået til lesaren.

Slik deltek du

  • Gå inn på Sommarles.no og lag ein brukar
  • Les – aleine, saman med nokon, eller lytt til lydbok
  • Registrer kor mange minutt du har lese
  • Samle poeng og få premiar undervegs!

Vi håpar mange vil bli med og bruke sommaren saman med gode bøker. Velkomen til Sommarles!