Eldreveka på biblioteket: Inspirerande digitale foredrag for seniorar

I samband med Eldreveka 2026 inviterer Stryn bibliotek til vising av ei rekkje korte og inspirerande digitale foredrag. Frå måndag 28. september til fredag 2. oktober kan du kome til biblioteket og få fagleg påfyll, nyttige råd og gode refleksjonar om tema som er viktige for ein god og aktiv kvardag.

Gjennom veka vil fagpersonar frå mellom anna Helsedirektoratet, Seniornett, Frivillighet Norge, Aldring og helse og Husbanken dele kunnskap og erfaringar om tema som digital tryggleik, hjernehelse, frivillig arbeid, fellesskap, arbeidsliv og bu- og livskvalitet.

Foredraga varer i om lag 30 minutt og blir sende direkte mellom kl. 12.00 og 15.30 kvar dag. Mellom foredraga blir det pausar, og vi håpar biblioteket kan vere ein hyggeleg møteplass der ein kan samlast over ein kopp kaffi, lære noko nytt og møte andre.

Eldreveka blir arrangert av Senteret for eit aldersvennleg Noreg, og fell saman med markeringa av FN-dagen for eldre 1. oktober. Målet er å styrkje livskvalitet, deltaking og inkludering for eldre gjennom kunnskapsdeling og fellesskap.

Arrangementa er gratis og opne for alle.

Program

Måndag 28. september

  • Kl. 14.00 – 14.30: Velferdsteknologi er for alle! Foredragshaldar: Hege Nordahl, Pensjonistforbundet
  • Kl. 15.00 – 15.30: Fleire gode år med ein kropp i rørsle. Aktive val som gir energi og livskvalitet etter 60. Foredragshaldar: Ingunn Holden Bergh, Helsedirektoratet

Tysdag 29. september

  • Kl. 12.00 – 12.30: Ditt engasjement er gull verdt. Foredragshaldar: Vanja Konradsen, Frivillighet Norge
  • Kl. 13.00 – 13.30: Meistre livet heime – og leve livet godt ute. Foredragshaldar: Kristin Jess-Bakken, Norsk Ergoterapeurforbund
  • Kl. 14.00 – 14.30: Seniorane – ein ressurs i arbeid og omsorg. Foredragshaldar: Gudrun Jebsen, Seniorene
  • Kl. 15.00 – 15.30: Eldrerådet: Dine representantar inn i lokalpolitikken. Foredragshaldar: Olav Sæbø, Senteret for et aldersvennlig Norge

Onsdag 30. september

  • Kl. 12.00 – 12.30: Digital tryggleik for seniorar. Foredragshaldar: Pia Boholm, Seniornett Norge
  • Kl. 13.00 – 13.30: Kva kan redusere førekomsten av demens? Førebygging eller ny behandling? Foredragshaldar: Geir Selbæs, Nasjonalt senter for aldring og helse
  • Kl. 14.00 – 14.30: Eit godt liv heile livet – korleis skaper vi aldersvennlege lokalsamfunn saman? Foredragshaldar: Linda Fahle-Johansen, Livsglede for eldre
  • Kl. 15.00 – 15.30: Munnhelsa si betydning for god livskvalitet i eldre år. Foredragshaldar: Hero Ibrahim Hassan, Innlandet fylkeskommune

Torsdag 1. oktober

  • Kl. 12.00 – 12.30: Matberedskap. Foredragshaldar: Ida Synnøve Grini, Nofima
  • Kl. 13.00 – 13.30: Vi treng kompetansen til dei med mest erfaring. Foredragshaldar: Martha Sofi Dragsund Kristoffersen, Prosperastiftelsen
  • Kl. 14.00 – 14.30: Nabotrimmen – fellesskap og tilhøyrsle gjennom fysisk aktivitet og sosial deltaking. Foredragshaldar: Ragna Sigmo Skipstad, Fysioflix og Berit Marie Nergard Pedersen, Bodø kommune
  • Kl. 15.00 – 15.30: Er bustaden din aldersvennleg? Foredragshaldar: Hodan Adan,Husbanken, Kristin Gyldenskog og Ingeborg Bjorvand Engh, Huseierne og Wenche Halsen, Senteret for et aldersvennlig Norge

Fredag 2. oktober

  • Kl. 12.00 – 12.30: Kva gjer eldre utsette for depresjon – og kan vi gjere noko med det? Foredragshaldar: Eivind Aakhus, Nasjonalt senter for aldring og helse
  • Kl. 13.00 – 13.30: Digitale heimebesøk. Foredragshaldar: Miriam Standal, Atea
  • Kl. 14.00 – 14.30: Vi er alle ein del av Noregs beredskap. Foredragshaldar:  Elin Orre, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Velkomen til Eldreveka på biblioteket!

Illustrasjon av eldre mennesker med diverse illustrasjonar rundt seg. Alt frå forstørrelsesglass til kompass