Vinterferie på biblioteket
På biblioteket er det ein aktivitet kvar dag i vinterferien.
Laurdag 17. februar, kl. 12, blir det Samisk barneframsyning med Mari Helander og Anne Lise Johnsen Swart.
Måndag 19. februar, kl. 12-14, lagar vi til perleverkstad.
Tysdag 20. februar, kl. 12, viser vi filmen Operasjon søsken. Filmen høver frå seks år.
Onsdag 21. februar, kl. 12-14, blir det bokmerkeverkstad
Torsdag 22. februar, kl. 12-14, blir det kortverkstad og kl. 19 blir det foredrag om Harastølen med Oddrun Midtbø
Fredag 23. februar, kl. 12, viser vi filmen The secret garden. Filmen høver frå ni år.
Laurdag 24. februar, kl. 12-14, er det Familielaurdag på biblioteket
Alle arrangementa er gratis! Vi har vanlege opningstider i vinterferien.
Velkomen til biblioteket!